Politikarar frå Raudt til Krf og Frp er samde om at fattigdomen er uverdig. Difor blir det sett inn mykje ressursar i matutdeling. Både Oslo kommune og staten løyver no store summar til matutdeling.

Utdeling av mat og naudovernatting er viktige tiltak for å sikre folk med låg eller ingen inntekt. Men det er også nedverdigande å stå i matkø og tigge om plass i sovesalen. Dette er røyndommen for ein del av dei arbeidstakarane vi i Fair Play Bygg Oslo og omegn talar med. Vi i Fair Play bygg arbeider for å førebyggje og avdekkje arbeidslivskriminalitet.

Nokre er utsett for så grov utnytting at dei ikkje har pengar til mat eller plass å bu, sjølv etter fleire månaders arbeid i Oslos byggjebransje, eller andre utsette bransjar som transport, matindustri eller servering.

Vi kjenner óg til folk som ikkje kan oppsøke matutdelinga av frykt for både politi og bakmenn.

Arbeidsgjevar stel løna

Årsakene til at desse arbeidstakarane opplever fattigdom er ikkje at dei ikkje vil eller kan arbeide, årsaka er at (delar av) arbeidsmarknaden ikkje fungerer. Arbeidstakarane jobbar lange dagar og legg ned stor innsats, men arbeidsgjevaren stel løna.

Slik lønstjuveri er ein vanleg erfaring for mange arbeidstakarar, og er årsaka til at mange blir fattige i kortare eller lengre periodar. Kyniske bakmenn sit att med stor profitt som blir reinvestert i kriminalitet eller eigedom. Kundane er ofte naive huseigarar eller oppdragsgivarar som medvitne kjøper tenester som er underprisa.

Mange av desse gjer det dei kan for å få løna si, men må gje opp etter å ha blitt utsett for press/trugsmål av bakmenn eller avvis hos politiet når dei vil melde lønstjuveriet. Ein del av desse oppsøkjer eller kjem i kontakt med oss i Fair Play Bygg. Vi samlar inn informasjon om bakmenn, byggherrar, lønstjuveri, skatt og avgiftsvindel, bedrageri og nokre gonger finn vi koblingar til organiserte kriminelle eller vi finn indikasjonar på menneskehandel/tvangsarbeid.

Fair Play Bygg kvalitetssikrar informasjonen og sender etterretningsrapportar og varsel til skatt, politiet og andre statlege etatar. Vi freistar også å gje gode råd til arbeidstakarane om korleis dei kan løyse sine saker, set dei i kontakt med advokat eller liknande.

Slik får arbeidstakarane kunnskap om det norske systemet og får større motstandskraft mot å bli utnytta på nytt.

Les også

«Gud elsket meg» sa damen, men ble jeg lurt?

Tiltak mot fattigdom og kriminalitet

Fair Play Byggs aktivitet er dermed viktig både for å stanse kriminalitet i arbeidslivet og redusere fattigdom. Vi har avdekt at svært mange utanlandske arbeidstakarar blir utnytta i norsk arbeidsliv i dag. På grunn av nedgangen i byggjeaktiviteten og arbeidsløyse, er vi redde for at problema i arbeidslivet vil bli større, og ikkje mindre i 2024.

Matutdeling hjelper mot svolt, men det fjernar ikkje fattigdomen. Tiltak for å fjerne kriminelle frå arbeidslivet vil derimot redusere både kriminaliteten og fattigdomen. Eg vonar at politikarane i Oslo vil sjå dette perspektivet når dei skal vedtaka budsjettet for 2024 på onsdag.

Les flere kommentarer, debattinnlegg og Oslo-historier på Avisa Oslos debattside Oslodebatten

Les også

Polakkarbeid. Det var et begrep ingen slapp unna

Les også

Oslo skal ikke bare være for de privilegerte

Les også

En jente må legge lillebror, pynte treet og rydde. Den voksne er for full

Les også

En heseblesende fest, vel å merke for dem som har råd