I Oslo er det gebyr for å bruke piggdekk, noko som resulterer i at færre bruker piggdekk. Det går utover trafikktryggleiken og kollektivtransporten.

Så langt i 2024 har det vore fleire problem med kollektivtransport pga. vêret. Det har vore snøkaos og no er det glatt i vegbanane. Det har medført at mange er råka av innstilte og kansellerte avgangar og mange blir oppmoda til å bli heime.

4. november 2023 skreiv VG ein artikkel der Trafikksikkerhetsforeningen (TFS) fortel at dei er kritiske til piggdekkgebyr, for det var trøbbel med trafikken då også. Når skal Oslo gjere noko med gebyret?

Delta i OsloDebatten

Har du en mening om denne saken, eller et annet tema? Send inn ditt debattinnlegg her

Oslo-folk har mange meninger om byen sin, og Avisa Oslo ønsker å publisere flere personlige og originale innlegg som beriker samfunnsdebatten.

Eg flytta til Oslo i september for jobb, eg er lektor ved Bjørnholt vidaregåande på Søndre Nordstrand, og vi er avhengige av buss for å komme oss til jobb og skole.

På tre dagar har Ruter hatt problem med kollektivtransporten, og oppmøte for tilsette og elevar har vore problematisk 2/3 dagar denne veka.

Eg kjem frå mjøsregionen på hedmarkssida, og kan ikkje hugse at det har vore så store problem med korkje kollektivt eller bilkøyring. Vi blir oppmoda til å køyre forsiktig og bruke hovudet, men i mitt 30 år lange liv har ikkje eg opplevd at skolebussar har blitt innstilt pga. føret.

Forseinka bussar er ein ting, men forseinka er noko anna enn kansellert. Eg trur det skuldast bruk av piggdekk på privatbilar og bussar, og kjetting når det er naudsynt for å komme seg fram.

For ei bygdekvinne som flytta til Oslo, er det frustrerande når bussane blir innstilt gjentekne gonger, når det kjennest som at løysinga ligg rett føre nesa vår. Bruk piggdekk nå åtvaringa på vêret kjem! Fjern gebyret for privatpersonar og kollektivtransporten.

Det å bruke piggar skadar miljøet ved at det øydelegg vegbanen, men faren ved å køyre utan piggdekk på is gir potensielt daud. Nokre gonger bør klimaet vike for tryggleik hos innbyggarane.

Nettavisa skreiv i februar 2023 at piggdekk er det einaste som hjelper mot is, i Oslo er det mykje is på vinteren. Å innstille bussar øydelegg ikkje berre for vaksne som skal på jobb, men det går ut over læringsutbytet til elevane og det sosiale for ungdomane.

Kanskje det er på tide å setje trafikktryggleik føre klima? Det finst andre plassar vi kan spare klimaet, men trafikktryggleiken bør ikkje vere ein av dei.

Les flere kommentarer, debattinnlegg og Oslo-historier på Avisa Oslos debattside Oslodebatten.

Les også

Oslo kommune verken har beina på jorda eller forståelse for konsekvensene av deres politikk

Les også

Men Ruter, da: Dere lovet jo bot og bedring - ikke bare bøter!

Les også

Noen hjelp fra Ruter kan ikke Marit Vea regne med. For de er hjemme alene