Avisa Oslo har i det siste drivi kampanjejournalistikk om – eller mot – Rødt Oslo. Å drive kampanje for å svekke det eine eller det andre partiet, er ein sjølvsagt rett for ei avis, men i dette tilfellet lurar eg på om svært så variabel faktaforankring kan svekke kampanjen.

Fordi eg har fått personleg omtale, bestemte eg meg for å skrive litt om korleis dette ser ut frå min synsvinkel.

LES OGSÅ:

Les også

Siavash Mobasheri har i flere år vært nær ved å begå Rødts dødssynd – derfor kan hans politiske liv stå på spill

Eg meiner Rødt i alle hovudsak er eit ålreit parti. Eg var medlem i Oslo bystyre frå 1983 til 2011, med eit avbrekk da eg var stortingsrepresentant. Avisa Oslo skriv at eg var ein av medlemmane i «et sekterisk og crazy parti» (AKP) som «under tvil nedlot seg til å stille til valg.» Eg veit ikkje kva journalisten som skriv dette var opptatt av for 39 år sia, men eg er i alle falt stolt av å vere den som saman med Liv Finstad vart bystyrerepresentant for RV. Det var moro at ein journalist ringte og fortalde at eg var den Oslo-politikaren som hadde fått flest slengstemmar frå andre parti.

Dei siste fire åra mine i bystyret var eg ein av tre representantar frå det nystifta partiet Rødt: To innflyttarar frå Rogaland og Nord-Trøndelag og ein innvandrar frå Iran. Vi var eit bra lag.

Aldri vere dørmatte

Tverrpolitisk samarbeid tar ulike former, men som Bjørnar Moxnes har sagt i eit intervju: Rødt skal ikkje vere dørmatte for Arbeidarpartiet. Denne politiske leveregelen gjeld like mykje i bystyret som på Stortinget. Etter midt syn har Rødts fylkesstyre og bystyregruppe i Oslo praktisert dette i fleire tiår. Vi har og snakka tydeleg om at det langsiktige målet vårt er eit behovsstyrt felleskapssamfunn etter at kapitalismen er avvikla.

I artikkelen står det: «Først ved kommunevalget i 2015 begynner arbeidet Moxnes og hans folk hadde lagt ned å bære synlige frukter, også utad. I Oslo får partiet en oppslutning på fem prosent.»

Det er litt rart at Avisa Oslo framstiller denne oppslutninga som noko oppsiktsvekkande nytt. Resultatet i 2015 var utmerka. Rødt var på opptur og fekk på nytt tre representantar i bystyret. Oppslutninga var nesten like bra som RVs Oslo-resultat i stortingsvalet 22 år tidlegare, og i kommunevalet i 2007.

Rødt følgjer to spor

Frå dag ein har RV og Rødt både i program og praksis følgt to spor i bystyre og storting: For det første: Jobbe med enkeltsaker som er viktige for Oslo-folk. For det andre: Argumentere for at kapitalismen må avskaffast.

I bystyre- og stortingsarbeid meiner eg det er nødvendig å samarbeide med alle det går an å samarbeide med. I alle parti finst det personar som vil det beste for folk. Slik var det på 1980-talet og slik er det i dag. Eg skal nemne eit nesten 20 år gammalt samarbeids-eksempel.

Mange granskingsrapportar hadde dokumentert overgrep og omsorgssvikt på kommunen sine barneverninstitusjonar fram til 1993. Alle partia var med i bystyrekomiteen som behandla saka. Det vart eit konstruktivt samarbeid, og særleg mellom personar i tre parti: Ap, FrP og RV. Kommunen måtte betale ut meir enn ein milliard kroner - ei fleirdobling av opplegget frå Høgre-byrådet.

Utan Rødts to-delte samarbeid, både med overgrepsofra utafor bystyret og med Ap og FrP i bystyret, hadde det ikkje gått slik. Vi i RV var opptatt av resultatet og gjorde ikkje noko medie-nummer av det uvante, men vellykka samarbeidet.

Unngå svinebinding

Deltaking i byråd eller regjering betyr at eit parti får kome inn i dei lukka møteroma der mykje blir avgjort. Inngangsbilletten er at partiet forsvarar det byrådet/regjeringa vedtar, sjølv om det går på tvers av det partiet står for. Eller enklare sagt: Politisk svinebinding. For Rødt betyr det å bli enda eit av partia som held veljarane for narr.

Rødt snakkar tydeleg om at sjølve kapitalismen er årsak til mange av dei store samfunnsproblema som dei fleste ønskjer å gjere noko med. Etter mitt syn bør raude folkevalde seie rett ut at vi derfor treng ei ny samfunnsordning etter kapitalismen, der det overordna målet er å dekke folks behov.

Mange med makt mislikar at slik samfunnskritikk kjem frå eit parti som har såpass stor oppslutning og så godt omdømme som Rødt har no. Eit part som Rødt kan ikkje utvikle seg og vekse viss det ikkje finst ulike syn i partiet. Utan meiningsbryting som kan vere skarp nok, vil partiet dø.

Så får vi berre avfinne oss med at Avisa Oslo lagar personfokuserte artiklar og kampanjar som det vi no har sett. Som alt nemnd er eg denne gongen ikkje imponert over den journalistiske kvaliteten. Men med den oppslutninga som Rødt har no og så dyktige som politikarane våre er, kan vi nok forvente meir av det same. Fram til valet i 2023 må nok fylkesleiar Siavash Mobasheri i Oslo, rekne med å bli utsett for fleire personangrep.

Les flere debattinnlegg og Oslo-historier på Avisa Oslos debattside Oslodebatten

Les også

Siavash Mobasheri har i flere år vært nær ved å begå Rødts dødssynd – derfor kan hans politiske liv stå på spill

Les også

Nedsmeltingen i Rødt kan sende byrådet til borgerlig side

Les også

Norsk Narkotikapolitiforening besøkte sønnens skole. Jeg vil ikke anbefale arrangementet til andre foreldre

Les også

Jeg skal se fotball-VM uten skam